03 juli 2006
måndag.. og atle hansen var her..
gruppa eg er på klarte fyrst 6 spørsmål, men etter at me måtte ned klokka halv 11 for å ha felles idèmyldrings liknande ting, fekk me beskjed om å skrive fleire.. jeuf.. me klarte no 16:) eg fann no ut at det kanskje hadde vore lurt å lest "som ein engel", istaden for "sveve over vatna".. men var no litt forseint då..
fekk og begynt å lese på olaug nilsen si bok, "få meg på for faen".. verkar til å vere ei, eh, ganske forvirrande bok så langt, sjølv om eg kjende meg pittelitt at i byrjinga når det gjeld det å vaske kommunale bygg og slike ting.. sjølv om kjensla av gjenkjennelse var minimal.. men har helst ikkje lyst å skru av musikken når ein vaskar.. blir nemleg ikkje so keisamt når ein høyrer på musikk!:)
jaja.. atle hansen kom no han, og me sat oppe i "arbeidsstova" på fæle stolar, og høyrde på at han fortalde om korleis han skreiv, om moster (som forresten har eit kjempe fint utendørsteater!), og kor pietistisk(?) samfunnet der var, og at han prøvde å skildre ungdommen på ca 60 talet i "som ein engel".. sang for oss gjorde han og ja.. jaja.. kjekt det ja.. mhm..
men uansett, det mest interssante han fortalde var korleis han skreiv bøkene sine.. han sa at når han skreiv, viste han ingenting om kva som kom til å skje.. han berre skreiv, og fann ikkje ut ting før det var skrive.. litt rart å tenkje på vis det faktisk er slik, for kan ikkje sjå føre meg at det blir ei bra bok vist ikkje ein har litt peiling på kva som skal skje, og eventuelt, kven som har gjort kva..
etter at han hadde reist, fekk me eit kvarters pause.. å det trengte me vel alle saman! deretter bar det ned i infohagen, for å byrja skrive bloggen! jeij..
fekk beskjed om å skrive 5 opningssetningar, sidan atle hansen kom til å seie det at han hadde gjort det ein gong.. han hadde vel skrive fleire enn berre 5, men uansett! mine blir vel standard meg, og då er alt berre velstand!:p
mine:
1. eg gjekk til jobben med the rush vs thalamus dundrande i øyra! beste sensation black anthem som er laga so langt, syns no eg då..
2. ho gjekk åleine i dei mørke vintergatene. Rundt ho var det lydar som ikkje høyrde heime i denne verdenen.
3. Vatnet dekka ansiktet hans. han takla ikkje lenger å bli dømt for musikken og klesstilen lenger. Sjøen skulle bli grava hans.
4. Sola strålte vakkert der dei gjekk nedover mot stranda. Lukkelege uvitande om kva som kom til å skje.
5. Hunden såg på far min med forventningsfulle auge. "få ost! få ost NO!!"
righty... sneiks\m/
Nok ein mandag
Fikk signert mitt eksemplar av Som ein engel, og er i fin form. Starta på ei bok som heit Bikubesong etter at eg gjorde ferdig Få meg på, for faen.
V
Der var den siste veka i gong!
Dessverre får ikkje eg møta han, fordi eg reiser vekk halve dagen. Men all den tida me fekk i formiddag til å finna ut om han hjelpte ein del, og gjorde til at eg fekk mykje innsikt i kven han var.
Siste delen før lunsj brukte me til å vere samla heile gjengen, og fekk samla all den informasjonen me hadde brukt ein og ein halv time på å finna om han og laga spørsmål til han. Eg føler at dette var ein kjempe god metode for å forberede seg til at me får besøk av ein forfattar. Håpar møtet med Atle Hansen blir vellukka:)
Gledar meg til ein ny dag!
30 juni 2006
Fyrste veka gjekk som ein draum:)
I dag då me har arbeida, har me vert ute i sola. Sidan været var så fint satt me ute, og det var godt å ha frisk luft og sol heile dagen. Etter at me var ferdige med bokmeldinga, las eg i ei bok som heiter ”få meg på, for faen.”
Sluttdelen av dagen så har me vert inne og sett på nokre kortfilmar, og så fekk me muffins, kjeks og kake. Dette var ein god avslutning på dagen.
Veldig god dag, med mykje skrivearbeid som var bra, slik at det ikkje berre blei lesing.
:)
Endelig Fredag:P
Dagen i seg sjølv begynnte med det alltid så livlege morgensmøtet, etterpå gjekk me sammen i gruppene og starta å skriva. Denne skrivinga blir til tider litt kjedelig i lengden, men med noke 5min pausar innimellom, blir det alltids bra.
Etter pausen var det igjen på med skrivinga, og etter ein times tid vart me ferdig og fornøyd med arbeidet. Og me tok igang me lesinga, har lest på boka Få meg på, for faen av Olaug Nilsen. denne boka syns eg er i det sjukaste laget men me får sjå.
I 3 tiden jaga Anita oss inn på rommet, for å sjå noken kortfilma, me såg Solvorn som nok var den nest kjedligaste filmen eg noken gong i historien har sett berre slått av The Aviator (ZzZzZzZzZzZzZzZz). Og ein annar kortfilm som var laga av Harald Zwart, denne derimot var ganske morosam, noke eg trur resten av gjengen syns og. Me fekk og muffins og kjeks av Anita,:D
No er det helg
ferdige med "tyl" ja..
me skulle skrive ei bokmelding/analyse som vetle har lagt ut på bloggen.. gruppa mi klarte to sider, noko eg syns var bra, mene, blei litt sånn "åij", når eg fekk høyra kor langt dei andre hadde klart å skrive! jeuf..
me dreiv for det meste med dette heile dagen, fram til lunsj og etter lunsj.. blei masse prating om musikk i lunsjen, sjølv om alle ikkje var heilt einige om kva som er bra og ikkje..
sette oss til å lese når me var ferdige med analysen/bokmeldinga, før me skulle inn å sjå to kortfilmar ("gull og grønne skoger" og "solvorn").. muffins å kaffi fekk me og.. koseleg det:)
so, no er det slutten på veka!! hehe=D og i neste veke skal me byrja på ei ny bok:)
\m/:P
Bokmelding av gruppe 1
Bokmelding av boka Tyl, skriven av Finn Tokvam!
Bygdeglasnost
I ei lita bygd som eg bur i
Veit alle alt
Dei ikkje skal vita
Men viss eg spør om dei veit
Det dei veit
Som dei ikkje skal vita
Veit dei ikkje det
Og seinare veit alle
At eg spurde om dei visste
Det dei veit
Som dei ikkje skal vita
Men som dei veit
Dette dikte er innleiinga av boka TYL. Diktet fortel eigentleg ganske mykje om det som er skrive i boka. Fortel om korleis det er å bu i eit lite bygdesamfunn, og alt sladderte som er der. Dikte syner korleis ei fjør kan bli til fem høns.
Handling:
Handlinga byrjar med at Ove Ullkvam er på Logen bar med bestekompisen Ragnar Mårtensson. Då han sitte på baren med Ragnar så byrjar han å sjå tilbake på livet sitt.
Ove tenker heilt tilbake til Gymnaset. Der hadde han vore kjærast med den vakraste av alle jentene, nemleg Cecilie. Ho hadde sett Ove, den sjenerte og nervøse som var kjempe forelska i ho. Dei hadde vore saman lenge, og hadde mange planar for livet. Dei skulle saman flytte til Bergen for å studere, men då den tid kom, reiste ikkje Ove med Cecilie. Han blei verande for å jobbe på nærbutikken i den vesle heimbygda.
Tida gjekk fort og snart vart det slutt på knulling under plommetrea og båtturar. Ove hadde slutta å jobbe i nærbutikken og blei ein svært nervøs og usikker postmann. Dette bestemte Ragnar kameraten til Ove seg for å forandre på. Så i fylla skriv Ove og Ragnar ein avtale som forandrar alt. Ein avtale som skal hjelpa Ove til å finna seg sjølv. Men Ove finn også mykje anna. Blant anna den store kjærleiken.
Avtalen lyder:
Avtale mellom Ove Ullkvam (frå no av kalla Den Diffuse Postmann) og Ragnar Mårtensson (frå no av kalla Den Direkte Sakføraren). Dei neste fjorten dagane skal Den Diffuse Postmannen i størst mogleg grad vera seg sjølv. Han skal seie det han meiner, sjølv om dette ikkje alltid kjennest så himla lurt. Den Diffuse Postmannen skal gjera det han har lyst til. Han skal slutte med dill og dall i omgang med personar han møter på ruta si og elles i desse dagane. Møter han for eksempel nokon han meiner er eit svin, seier han det til dei, så dei slepp å leva i uvissa. Han skal ikkje gå i vegen for ein god krangel, og stå på krava i det lengste. Den Diffuse Postmann treng ikkje vera usakleg og ufin i utrengsmål. Men skal til ei kvar tid stille seg spørsmål: kva vil eg? Den Direkte Sakføraren skal føra sitt liv som vanleg. Då dette på alle vis alt held mål i massevis. Dei to skal i samrøre avgjera om punkta i avtalen er oppfylgde etter desse fjorten dagane. Er dei det, vankar det heider og gratis hotellrom på vossajazz (med badekar) for Den Diffuse Postmann. Bryt Den Diffuse Postmannen avtalen, lyt han betala bar rekninga til Den Direkte Sakføraren (Max 70 alkoholeinigar). Denne avtalen gjeld same kva dei to partane seinare måtte hevda i edru tilstand.
Ove Ullkvam
Ragnar Mårtensson
Seinare i boka handlar det mykje om korleis Ove skal leva livet sitt. Han reiste på vossajazz med Ragnar, og der møtte han ei jente som heitte Sara. Ho kom frå Oslo og var sjukepleiar. Han var som vanleg veldig redd og nervøs. Dermed tok det litt tid før han fekk kontakt med ho. Då han fyst fekk kontakt, slo det gnistar mellom dei med ein gong. Ove tok Sara med på hotellrommet, og der utvikla vinen seg til sex.
Ove inviterte ho heim til heimbygda si og i månadane framover møttes dei kvar helg. Då Sara kom var dei ofte hjå Ragnar og drakk, gjekk turar og hadde utfluktar. Ho møtte foreldra til Ove, men Ove møtte aldri foreldra til Sara. Lenge var forholdet som ein draum, men plutseleg forandra Sara meining. Så det blir slutt mellom Ove og Sara, noko som Ove tar veldig tungt, men etterkvart kjem han seg over tapet og bestemmer seg for å klare seg vidare.
Romanen strekkjer seg over eit tidsrom på om lag eitt og eit halvt år. Der Ove Følgjer opp avtalen som han og Ragnar skreiv i fylla. I byrjinga har han ikkje lyst til å følgja avtalen, men då han først er i gong og kjenner kjensla av korleis det er å vere sikker og bestemt, oppnår han resultat. Så han og Ragnar reiser på Vossajazz. Boka syner korleis Ove lever meir og meir opp til avtalen, og blir til slutt ein så sikker mann, at den forandrar heile livet hans. Det endar med at med at Ove innser at han burde gjort det han helst ville for lenge sidan. Det var å reise til Bergen for å studere. Han seier opp jobben sin og flyttar til Bergen.
Forfattarar
Halvor Folgerø og Finn Tokvam debuterer med denne sorgmuntre og humoristiske forteljinga om vennskap, kjærleik, sakn, Charlie Parker og Olav Stedje.
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø (f. 1967), oppvaksen på Stord, bur i Bergen, der han arbeider som journalist i NRK, m.a. har han vore programleiar for "Mediemenerne". Han har arbeidd med humor i programposten "Radio Røynda". Jobbar ved sida av som musikar, m.a. som bassist i gruppa Aftenlandet, og fagottist i populærorkesteret Finn-Erix.

Halvor Folgerø.
Finn Tokvam (f. 1972) kjem frå Flåm. Busett i Bergen. Arbeider som journalist i NRK. Har også arbeidd med humor i programposten "Radio Røynda" og som spaltist i Bergens Tidende. Han er vokalist i populærorkesteret Finn Erix.
Finn Tokvam.
Skildringar :
Ove: Ove Ullkvam bur i ei lita byd på Vestlandet. Han er lei av det rutineprega livet sitt som postmann, og fyller dagane med musikken til Charlie Parker. Han er tretti år, ikkje serleg sterk eller vakker og litt rund i kantane. Han er lettpåverkeleg og har dårleg dametekke. Ove er nervøs og har ingen ryggrad. Men etter kvart fekk Ove meir ryggrad seinare.
Ragnar: Ragnar er kompisen til Ove. Han er meir enn normalt inspirert av artisten Olav Stedje. Han er meir frampå og slaskete, litt ”harry” og har godt dametekke. Han er kynisk, men har inga medkjensle. Ragnar likar Olav Stedje så godt at han til og med lagar dikt om han. Her er nokre av dikta frå Olav Stedje antologien:
Olav Stedje får ein god ide på julebordet til sunnhordalandsforfattarane
Eg tek
Den fyrste song
Ein gong til
Olav Stedje konkluderer
Jenter
Er
Godt påkome
Olav Stedje på badet
Det er
Tjuetredje
Oktober
Nittensyttisju
Det er
Golvkaldt
Viss eg ikkje
Barberer meg no
Får eg bart
Det vert nok verre
Å eta hamburgar med dressing
Men damene vil koma
An mass
Det er
Tjuetredje
Oktober
Nittensyttisju
Det er
Golv kaldt
Eg får bart
Olav Stedje gjer seg tankar i 1985
No har det
Gått bra
Ei stund
Sara: Er Ove sin kjærast, ho er omtenksam og sjarmerande, men ein kan få mistanke om at ho pånsker på noko. Ho er sjukepleiar og bur i Oslo.
Miljø: Handlinga går føre seg i ei lita bygd. Me blir sett inn i eit bygdesamfunn, der alle kjenner alle, og alle veit alt om alle. Dei har i alle fall lyst til å vite alt om alle! I eit bygde samfunn er det alltid noko klassiske personar, og i boka Tyl tykkjer me at skildringa av desse personane fram. Hjørdis, Paulsen, foreldra til Ove, den synske hunden til Ove og Kåre og Konrad, er nokre døme på klassiske personar som er i eit bygdesamfunn.
Våre morosame utdrag frå boka:
”Ragnar var ein tyl og ein intelligent tosk.”
”Malla Hoff var enke. Den einaste kontakta ho hadde med omverda var legen og meg. Og eg fungerte som ufrivillig støttekontakt. Ho var alltid sjuk. Og det handla ofte om urin. Blod i urinen, sukker i urinen, urinvegsinfeksjon og blærekatarr. Det var difor eg gav ho kallenamnet Mige-Malla. I tillegg til å måtte høyra på sytinga hennar var det blitt min jobb å frakte urinprøvane hennar inn til legekontoret. Små lunkne flasker med piss. Ho hadde ingen andre. Ingen som kunne køyra ho. Malla stod klar med nye prøvar. Og eg plasserte dei forsiktig i framsetet og køyrde vidare. Eg måtte alltid sjå kva slags flasketype Mige-Malla brukte. Lenge hadde ho levert prøvane på små brune apotekflasker. Så hadde ho byrja å variera. Det kom tomatpuré og syltetøy glas. Ein dag låg ein HA-PÅ-boks i posen. Smekkfull med piss. Boksen var ikkje skikkeleg reingjord. Brune, små flak flaut ikring i den gule væska. Eg rista boksen, og då løyste partiklane seg opp. Prøven fekk ein mørkare farge. Ei anna gong hadde ho sendt med ei vademecumflaske. ”
”Onkel Odd elska korpsmusikk. Han retta sitt innetter Korpshalvtimen. På med radioen kvar laurdag. Korps og kaffi, heilt til sist sekund. Han blei funnen i skogen bak huset sitt, med den vesle raude radioen på fullt. Hjartet hans stoppa under eit program om prøyssarmarsjar. Taktfast hadde han marsjert ut av livet til tonar frå eit prislønt engelsk hornorkester.
”- Kvifor heiter katten din Stalin? Sa eg.
- Fordi han er ein god helvet, sa Konrad.”
Konklusjon:
Boka inneheld morosame vitsar og ironiske kommentarar som gjer boka underhaldande og ein vil lese meir. Det som øydeleg boka er hunden til Ove som kan ”prate”, og det drar ned kvaliteten. Det er fine skildringar av personane og eit lite lokalmiljø, som gir gode bilete. Alle på gruppa likte boka, men det var visse ting som trakk ned. Me tykkjer det kunne ha vore ein spenningskurve, med til dømes eit eller fleire høgdepunkt. Det er ikkje noko klimaks. Det var litt lite som skjedde, boka var litt rett fram, men på grunn av morsomheitane vert boka kjekk å lese.
Skriven av Kristen Tokvam, Marthe Selås Olsen, Kent Andre Hagan Sagerud og Håvard Andresen.
Jippi, HELG:)
for å skrive bokmelding. Alle bured ligge heime å daffe, og reise å bade:)
Men som dei freshe og spreke ungdomane me er, stiller me så klart opp
på jobb og høyrer på det vakkre morgon møtet til petter:)
Dagen i dag har gått med til å skrive bok melding:) Vår bokmelding om Tyl blei
på fire sider. Det har eigentleg berre vore ein kjempe fin og koseleg dag.
Me har sutte ute å jobba, og anita hadde laga Muffins til oss:)
Dei va kjempe gode, med Sjokolade på toppen:)
Me har sett to kort filme, ein morsom, og ein bildefilm frå Solvoren.
Sjølv om det har vert ei kjekk veke, trur eg dei fleste tykkjer det skal bli godt med helg:)
See you next week;) We will be back;)
dag 5
kl. 3 roppte Anita oss inn, ho hadde laga mufins og kokt faffi. så såg me to kort filmar "Gul og grøne skogar" og "Solvorn" eg likte den fyrste best.
dagen i dag har fore fin, ute har det vore strolande sol og ikkje ei kjy på himelen.
eg synest heile oppleget er ganske bra og posetivt. det er ein heilt ny måtte å jobbe på samtidig som me tenar pengar. om eg hade hatt kjangsen hadde eg vilja jobbe ei veke til. eg synest at fleire komunar kune ha prøvd eit slikt oppleg. det er bode spenandes og lererikt. og eg med lesevanskar kan slå fast at det ikkje er eit problem i ein slik jobb. eg likar jobben min godt og trivest med eit slikt oppleg, det er veldi posetivt og ha ein slik jobb. alle her er blie og snille og det hjer arbeids dagane morroe og fine. so langt har eg ikkje grua meg til ein dag.
eg gledar meg alle rede til måndag.
fortsetelse føler på mandag!
Avslappande dag <3
Gruppe 3 sin tekst, gruppa mi, er lagt ut av Vetle her på bloggen, vår leiar =P
Det har vore kjempefint vêr, sjølv om me kanskje ikkje har fått nyte det så mykje i og med at vår gruppe satt inne og prøvde å fokusera på å bli ferdig med analysen. Men etter at me blei heilt ferdige med den, så satt me ute og las, til me blei ropt inn for å sjå to kortfilmar. Me så "Gull og grønne skoger" og "Solvorn". Det var jo kjekt. Eit lite avbrekk frå jobbinga mottas oftast med eit smil :)
Alt i alt har det vore ein kjekk dag, monge koselege diskusjonar om "Tyl", og litt andre ting ein sjelden gong, blant anna i lunsjen.
Jappz <3
Fredag jupp fredag
Kristen Tokvam 8)
Femte dag, og me har resultatar!
Men i andre nyhende, så vart eg ferdig med "Som ein engel" skrive av Atle Hansen - han handla om ei jente som vart funne død i vatnet nær brygga, det er hovudpersonane Tore og Tommi på 16 år som finn ho, og gjennom forteljinga prøvar dei å oppklara mordmysteriet. Den boka er meir vanskeleg å lesa enn "Tyl" var på grunn av måten teksten var bygd opp på. Setningane vart sinnsjukt lange, eg har fått med meg at det kan gå heilt til ei side langt setning! Da betyr at det må ha vore godt over tjue kommateikn i den setningen.. I byrjinga var ikkje dette positivt, men etter kvart vert ein vant med det og ser på det som ein metode å skapa eit heseblesande effekt, til dømes når det går rundt i hovudet for hovudpersonen Tore. Eit godt døme på ein slik situasjon er når Tore ser tilbake i fortida, då han vart lokka av den avdøde Brit.
Boka vert fort forvirrande dersom ein ikkje følgjer med, så han egnar seg best for folk som ikkje er så redde for å møta på veggar med setningar (eller setningen, kanskje?). Boka har innslag av erotikk mellom ungdommar, men det gjer ikkje så mykje - dei delane var godt beskrivne, ikkje for tullete men med kjensler.
Dette vart ikkje ein fullstendig bokmelding for "Som ein engel" fordi det vart ikkje nok tid under blogginga. Men målet var no å uttrykka mi meining, så det gjer vel ikkje så mykje.
Seinare i dag skal eg ringa til lokalavisa frå mi eiga bygd, avisa heiter Samningen (bur i Samnanger att med Bergen) - eg vart vist kontakta på mobilen av dei i dag for dei ønskte å intervjua meg over telefonlinja, men eg er ikkje ein person som tullar med mobilen når eg er på jobb!! Hehe.... Dei er vel irriterte av å venta på svar no.
Oh well, no tek eg fatt i ei velfortjent helg! Det er gøy å jobba med LittKrit, men det er gøy å få slappa av også. :3 Ciao!
blogger
så var den første veka ferdig :D
den neste veka kjem det nok til å bli litt meir stress i enn denne i og med at det går vekk litt tid til press og forfattar besøk mm. For oss som har byrja å lese Olaug Nilsen si bok "få meg på for faen" så har me byrja å tenke ut nokre spørsmål til ho kjem på besøk, og då er det spesielt håvard som har styrt med det, så det kan bli morosamt :P hehe
Men for å oppsumere veka litt kort så kan eg vel seie det at me har hatt nok å gjere på. men meir skal det bli i følge planen vår. Me har jo og hatt det veldi moro og då.
Det har og vært veldig spennadndes veke, dette er jo det fyrste prosjeket av denne typen så me kan jo seia at me er heldige som får vera med på dette, så langt så har det vore spennades, lærerikt, morosamt og nytt. For å vere litt personleg så har eg faktisk fått litt ut va dette prosjeket sjølv og!! eg har nemleg for betra nynorsk skriving mi KRAFTIG den siste veka. Så læraren min kjem til å få seg ein overaskelse når eg kjem tilbake på skulen.
men for å gå tilbake til dagen i dag så har den for det meste gått ut på å avslutte arbeidet med "tyl" som er som kjent skreven av Flåm sin store son, Finn Tokvam (seier litt om Flåm når dei har Finn tokvam som sin store son :P) Kan vel nemne at Halvor Folgerø har hatt ein penn med i boka....
for folk som har tenkt å lese bokmeldinga vår så må dei ikkje miste mot av at den er veldig laaaannnngggg, de må jo hugse på at innhalde er kjempe messig.
men nå har eg ikkje meir tid til å blogge så nå må eg avslutte.
eg hadde eigentleg tenkt å skrive om dei supre mufinsane til Anita!
men fortsetelse følger........................................... på mandag!!!!!
Bokmelding av Tyl
”Bygdeglasnost”
”I ei lita bygd som eg bur i
veit alle alt
dei ikkje skal vita
Men viss eg spør om dei veit
det dei veit
som dei ikkje skal vita
veit dei ikkje det
Og seinare veit alle
at eg spurde om dei visste
det dei veit
som dei ikkje skal vita
men som dei veit”
Slik lyder første side i boka ”Tyl”, og er ei god beskriving av eit bygdesamfunn lik den som me finn i denne boka. ”Tyl” er skrive av Finn Tokvam og Halvor Folgerø, og vart utgjeven av det Norske Samlaget i 2005. Ordet ”tyl” er eit vestnorsk skjellsord og tyder dum/naiv mann, men under vennskaplege forhold tyder det intelligent tosk.
Boka handlar om postmannen Ove Ullkvam. Han er 30 år, bur på vestlandet og er ein beundrar av Charlie Parker. Han er ein mann som ikkje tør å stå på sitt, han seier nesten aldri imot andre sine meiningar. Livet hans har blitt altfor rutineprega og trist. Dette var grunnen til at han mista sin første kjærast Cecilie, men han har enno ikkje forandra seg. Faren hans likar ikkje at Ove ikkje utnyttar evnene sine til studiar, men at han i staden sløsar han vekk på ein meiningslaus jobb.
Ein dag besøker han sin bestevenn Ragnar, og dei hamnar på fylla. Under fylla skriv dei ein avtale som begge signerar:
”Avtalen mellom Ove Ullkvam (frå no av kalla Den Diffuse Postmann) og Ragnar
Mårtensson (frå no av kall Den Direkte Sagfører)
Dei neste 14 dagane skal Den Diffuse Postmannen i størst muleg grad vera seg sjølv. Han skal seia det han meinar sjølv om dette ikkje alltid kjennest så himla lurt. Den Diffuse Postmannen skal gjera det han har lyst til. Han skal slutta med dill og dall i omgangen med personar han møter i ruta si og elles desse dagane.
Møter han for eksempel nokon han meier er eit svin, seier han det til dei så slepp han leva i uvissa. Han skal ikkje gå av vegen for ein god krangel og stå på krava i det lengste.
Den Diffuse Postmann treng ikkje vera usakleg og ufin i utrengsmål. Men skal til kvar tid stilla seg spørsmålet, kva vil eg?
Den Direkte Sagføraren skal føra sitt liv som vanleg, då dette på alle vis alt held mål i massevis.
Dei to skal i samrøre avgjere om punkta i avtalen er oppfylt etter desse 14 dagane. Er dei det, vankar det heider og gratis hotell rom på Vossa Jazz (med badekar) for Den Diffuse Postmann.
Bryt Den Diffuse Postmannen avtalen lyt han betala barrekninga til Den Direkte Sagførar (maks 70 alkoholeiningar) denne avtalen gjeld same kva dei 2 partane eventuelt seinare måtte hevda i edru tilstand.”
Denne avtalen påverkar livet til Ove, og hjelper han å finna seg sjølv.

Illustrasjon av Ove Ullkvam, laga av Lisbeth Fanebust
Hovudpersonen er ein ganske interessant person – han er ein person som utviklar seg veldig mykje etter avtalen mellom han og Ragnar vart nedskrive. Privatlivet hans var ganske greitt økonomisk sett, men ikkje på det sjelige viset. Ove har eit talent for å spela piano, men han utnyttar det ikkje til det fulle - det nærmaste han kjem til det er å spela tullete songar under selskap han vert ufrivillig invitert til. Han tør ikkje å seie ”nei” til andre fordi han føler at dei forventar at han skal gjere ting på deira måte, sjølv om han er ueinig med dei. Han vert difor lett utnytta av folk, særlig av dei han ikkje likar. Brørne Kåre og Konrad, Mige-Malla og spesielt den lokale konsulenten Paulsen er personar han ikkje akkurat likar å besøke under postruta si. Paulsen er ein snobbete person som gjer narr av andre, han er av den verste typen som finns for Ove og gjer livet hans surare. Trøysta hans ligg i musikken til Charlie Parker, han er nesten som eit levande Parker-leksikon.
Ove klarar å halde sin del av avtalen, og han og Ragnar reiser til Voss på festival. Her møter han sin nye kjærleik Sara. Ho vart født i Sunnfjord, og no jobbar ho som sjukepleiar i Oslo.
Dei møter kvarandre under ein konsert der Sara og venninnene hennar set seg ned med Ove. Sara er ikkje pratsam og ser litt prøvande bort på Ove, men han vert så nervøs at han går ifrå dei for å leita etter Ragnar. Dagen etter møtast Ove og Sara igjen under frukosten, og dei tilbringer heile dagen saman som eit nyforelska par. Frå då av vart det ei meining i livet til Ove, og det var å vera i lag med Sara. Etter Vossa Jazz-festivalen fortsetter dei å besøkja kvarandre i helgane og feriane. Alt ser ut som om livet går som smurt for Ove, men han blir knust mot slutten.
Ragnar er den rake motsettinga til Ove – han seier akkurat det han meiner uansett kven han snakkar med eller kor brutalt meininga hans måtte vera. Han har både dameteke og svenske slektningar, ein av dei vert kalla Palt-Åke som er ein veteran innanfor svensk pornofilmbransje, iallfall som statist. Han har fått hjelpegjenstandar for sjuke eller eldre menneske som gåver frå ei 40 år gamal kvinne som jobba på Hjelpemiddelsentralen, ein favoritt er dusjstolen hans. Lik Ove sin fascinasjon for Charlie Parker, er helten til Ragnar Olav Stedje. For han er Stedje sin lyrikk forbigått i norsk litteratur og tatt for gitt av det norske folk. Etter ein frukost på Voss der det vart lesen opp dikt, byrja Ragnar å skriva eigne dikt om Olav Stedje – dette blir til ein serie av korte dikt om Olav Stedje sine tankar i forskjellige situasjonar, nokre er enklare å forstå enn andre:
”Olav Stedje føler seg pressa til å seie noko positiv om homofili, og gjer det på engelsk for å skapa litt avstand til problematikken”
”Geir loves
Kjartan
Kjartan
loves Geir
So what?”
Miljøet beskriv mest den vestlege delen av landet, først i Ove si bygd der han kjenner seg meiningslaus, deretter på Voss på grunn av jazzfestivalen, og til slutt i Bergen når historia avsluttast her. I bygda plar det vanlegvis ikkje skje noko spesielt, akkurat som i røyndommen. Naturen vert ikkje beskrive så mykje i boka, men den gjev deg den generelle ideen om korleis det er å oppleva fjordane og fjella. Lesarane som kjem frå bygda eller som er kjend med bygdemiljø frå før, kjem sannsynlegvis til å kunne sjå for seg naturen og miljøet i boka betre enn ein frå byen kunne ha gjort. Forfattarane kunne prøvd å leggje meir kjensle og liv i beskrivinga av naturen og miljøet, kanskje fått fram stemninga i bygda litt betre, slik at ikkje berre bygdefolk kjenner seg att i boka.
Samspelet mellom Ove og enkelte personar er greie nok, ikkje noko ekstremt nytt og uvanleg, men det passar med stilen denne boka følgjer. Ove og Ragnar sitt vennskap er sterkt som stål, det skal mykje til for at noko kjem mellom dei og øydelegg. Ove og Sara hadde i byrjinga eit godt forhold, men då han ikkje verkeleg klarte å vera seg sjølv kunne ikkje Sara vere i lag med han meir. Han må grava djupt inni seg sjølv for å oppnå sitt sanne ”eg”, men foreløpig har han ein lang veg for å oppnå det. Familien til Ove kjem av og til inn i biletet som nære personar som forstår det vonde Ove går gjennom, men rolla deira er ikkje så veldig avgjerande for historia som med til dømes Sara.
Forholdet mellom Ove og Paulsen er dårleg, men for lesaren er det veldig fornøyeleg å lesa om kor mykje Ove hatar Paulsen. ”Den sleske konsulenten med heimekontor kom, som alltid, ut i tunet. I dag var han åleine. Han stod klar ved postkassen før eg kom ut av bilen. Han plystra lågt då eg steig ut. Postmann Pat, plystra han. Eg ville riva av han den tåpelege tversoversløyfa han gjekk med.” Vendepunktet mellom Ove og Paulsen er ein av dei mest morosame delen i heile boka, lesaren kjem til å elska oppgjeret mot konsulenten.
Familien til Ove eig ein hund som dei har kalla for Basse. Når Ove sit i nærleiken av hunden verkar det som om hunden svarar han tilbake, like naturleg som om eit anna menneske prata, men eigentleg føresteller Ove kva hunden hadde svart dersom han kunne. Likevel gjer dette at boka verkar litt useriøs og lite gjennomtenkt, for dette er dei einaste gonga slike ”mystiske” tinga skjer – det hadde kanskje passa inn dersom boka hadde fokusert meir på overnaturlege element som ein gjer i fantasy-sjangeren, men denne boka er altfor seriøst for å tillate slike innslag:
”Tullprat, sa Basse. – far din snakkar alltid fint om deg når han og mor di sit på kjøkkenet.”
Ove er som tidlegare nemnt beundrar av musikaren Charlie Parker. Gjennom forteljinga kjem kunnskapen fram ein eller anna gong, men også her hender det noko mystisk. Når Ove er på veg heim etter han er ferdig med postrunden sin og i eit likegyldig humør, ser han den avdøde Parker langs vegen medan han vinkar. Ove har eit val – han kan snu for å sjå om det verkeleg er den personen han trur det er, men han køyrar vidare og angrar på det sidan. I sjølve slutten av boka ser han Parker igjen på Torgallmenningen i Bergen, og han gjev Ove eit smil før han går ifrå han. Meininga med denne parallellen er ikkje klar, men ein kan få inntrykk av at den symboliserar overgongen Ove må ta for å verta seg sjølv. Første forsøk på å verta seg sjølv gjekk ikkje bra, men andre forsøket kan verta betre når ein vurderar at det andre møtet mellom han og Parker vart meir positivt beskrive.
Denne boka passar for unge, men han vert antageleg favorisert av ungdommar og eldre frå ei bygd eller ein liten stad fordi handlinga er mest konsentrert i eit slikt miljø. Teksten er oppbygga med korte og enkle setningar, noko som gjev ein slags direkte effekt når ein les lik den effekten frå ein muntleg samtale. Kvart kapittel er veldig korte og bryt opp teksten, men den bryt på ein effektiv måte. Tokvam og Folgerø er kjende for å ha jobba med humorprogrammet ”Radio Røynda” og er medlemmar av bandet Finn-Erix. Sjølv om boka er skriven av forfattarar kjende for humor, er ikkje dette ei tullebok. Handlinga er seriøs men ikkje fullstendig tørr fordi det er alltid noko som kjem til å skje, og innslag med humor kjem ofte nok til å fanga lesaren vidare i handlinga. Olav Stedje-antologien var eit originalt påfunn, men oppsettet av dikta kan forvirra enkelte lesarar som ikkje like lett kan sjå det djupe i dei – nokre av dikta passar ganske enkelt ikkje for alle. Humoren og emna om musikk som me finn i boka kan ha blitt påverka av ”Radio Røynda” og Finn-Erix.
Dette var ”Tyl”, og no kjem vår dom:
Handlinga og språket går som hand i hand, begge passar utmerka til kvarandre i denne romanen. Blandinga av det direkte språket og ein morosam men seriøs handling skapar ikkje problem for boka, og er god underhalding for den som likar å lesa samtidsromanar. Nynorsken gjer at heile situasjonen i handlinga vert meir verkeleg for lesaren å oppleva, noko som er veldig positivt. Begge forfattarane har samarbeida utruleg godt, og resultatet fortener ros. Boka får ikkje full pott, men han var slettes ikkje langt unna.

Skrive og vurdert av: Lisbeth Fanebust, Kjell Bjørgum, Are Bjørgum og Bjørnar Skaim Halle
Ei veke til ende
Tyl no more
Finn Tokvam, ”Tyl”
Boka ”Tyl”, handlar om ein 30 år gammal ungkar ved namn Ove Ullkvam som jobbar for posten. Han bur i ei lita bygd, drikk tett, og har eitt middelmåtig liv som han er misfornøgd med. Me følgjer hovudpersonen i litt over eitt år, gjennom oppturar og nedturar. I fylla inngår han og bestekompisen Ragnar ein avtale som seier at Ove, aka Den Diffuse Postmannen, skal vere seg sjølv og seie det han meiner. Ove er skeptisk i byrjinga, men ender opp med å følgje avtalane, og får gratis opphald på hotell med badekar under Vossajazzen. På Voss møter han Sara, som han forelskar seg i, og dette blir eitt vendepunkt i livet til Ove.
Hovudpersonen, Ove, er ein dumsnill og sta person som helst ikkje vil gi slepp på fortida. Han bur åleine i eit hus i bygda der han vaks opp, og lev eit ganske så rutineprega liv. Kvar helg reiser han på besøk til kompisen, og dei sit som regel og drikk seg meir eller mindre fulle. Bestekompisen Ragnar er ein laus hobbyalkoholikar med lystløgnardrag. Han er meir enn normalt inspirert av Olav Stedje, og skriv ein antologi dedisert til Olav Stedje. Ragnar blir på ein måte den nødvendige galskapen i vennskapen. Ragnar er den typen du eigentleg er litt flau over å kjenne, men som likevel er god å ha når alt kjem til alt. Denne naudsynte galskapen minnar mykje om figuren Munk i ”Sveve over vatna”, noko tona ned og tilpassa eit mindre urbant miljø, vel å merke.
Eit av hovudpunkta i denne boka er Ragnar sin ”ver deg sjølv” - kur, og den effekten denne kuren har på Ove. Og det me har høyrt om denne kuren er at den forandrar livet til Ove ganske drastisk! Men om det var riktig eller ikkje er jo eit helt anna spørsmål. Det at Ove går med på kontrakten viser at han var misfornøgd med korleis ting var, og at han ikkje likte å prate, eller gjere ting for folk på ruta si. På den andre sida, er det mildt sagt optimistisk å tru at ein kan gå gjennom livet utan å gjere ein heil del ting du ikkje likar noko vidare, gjerne om att og om att. Det er ein av livets harde realitetar som Ove ser ut til å ha innfunne seg med. Du merkar at han har liksom aldri gått gjennom den perioden i livet der dei fleste folk tenkjer; ”drit i deg! Det er eg som er viktig, å eg gjer som eg vil!”. Når det kjem til Ragnar derimot, verkar det som han har vore i den perioden så lenge han har levd.
Dette føyer seg inn i ei lang rekke store kontrastar mellom Ove og Ragnar. Det blir poengtert fleire gonger gjennom boka kor forskjellige dei to er. Både i musikksmak og væremåte er dei, meir eller mindre, som natt og dag. Dette viser at seiinga ”like barn leikar best” ikkje alltid stemmer heilt. Det er ei bieffekt av det å bu i ei lita bygd, skal du bli kjent med nokon, kan du ikkje vere heilt sikker på at du finn nokon med same interesser som deg, og om interessene skulle vere Jazzrelarterte, er sjansane i mange tilfelle enno mindre.
Det er i tilegg til desse to kompanjongane er det eit par ganske viktige personar i denne boka. Vi har faren til Ove verkar til å vere ein streng person som har litt vanskeleg for å gi kompliment til sonen direkte. Dette kan ha vore med på å byggje under på Ove sin mindreverdigleikskjensle. Mora til Ove var veldig personleg og prata mykje med sonen når han var liten. Ettersom han vart eldre, gjekk praten oftare og oftare med å bli typisk norsk tomprat, om veret og liknande. Ho verkar til å vere litt bestemoraktig av seg. Basse er hunden til familien Ullkvam, og kan, så vidt lesarane kan oppfatte det, prate, eller kommunisere med Ove på ein eller annan måte. Dette er ein av dei få surrealistiske trekka i denne boka, saman med to observasjonar av den avdaude Jazzmusikaren Charlie Parker. Vi høyrer vel å merke ikkje at nokon andre av familiemedlemma i familien Ullkvam ser ut til å leggje merke til at hunden i huset pratar, så det er fullt mogeleg at dette skjer i hovudet til Ove. Ein kan seie at Basse er ei slags fornuftas stemme for Ove, og at det er hans måte å fortelje seg sjølv ting han allereie veit, men ikkje synest han burde vite.
I tillegg til familiemedlem og venner blir det også skrive ein del om kjærleikslivet til Ove, dette består i all hovudsak av to jenter. Vi har Cecilie, som er gamlekjærasten til Ove. Vi får høyre om ho når Ove blir fortald at Cecilie nettopp har fått seg unge med ein bergensar. Cecilie og Ove hadde planlagd å reise til Bergen saman for å studere, men Ove blir overtala til å bli heime på grunn av ein jobb han berre ikkje kunne få seg til å seie nei til. Her ser vi at Oves snillistiske haldningar ledar han inn i ulykkja igjen, då Cecilie gjer det slutt på eit helgebesøk, av grunnar lesaren ikkje kan anna enn å undre over. Forholdet til Sara er eit av hovudpoenga i boka, dei møttest på Vossa Jazz gjennom ei rekkje tilfeldigheitar. Forholdet er, frå Ove sitt synspunkt, ganske perfekt, og han forandrar seg ein god del for å bli meir lik den mannen han trur Sara vil ha. Etter alt sannsyn var trur nøkkelordet her, for Sara gjer det slutt etter kvart. Eit fellestrekk ved desse to forholda var at dei begge slutta ganske brått, og at forklaringa på kvifor det var slutt var nesten like forvirrande som ikkje nokon forklaring ville vore. Dette kan kanskje ha noko med at vi blir fortald alt som skjer i førsteperson, gjennom Ove sine auge, det gjer det ikkje akkurat meir oversikteleg, på trass av at ein har mogelegheita til å stoppe opp, gå tilbake og lese ting opp att.
Mot slutten av boka bestemmer Ove seg endeleg for å gjere det han skulle gjort allereie den tida han var saman med Cecilie, nemleg å dra vekk frå bygda for å studere. Slik kan ein seie at dei prøvelsane han har gått igjennom i løpet av boka ikkje har vore forgjeves. På dei siste sidene ser Ove Charlie Parker igjen. Første gong Ove ser han, er det mellom han inngår kontrakten med Ragnar og han dreg til Vossa Jazz, midt mellom to vendepunkt i livet hans. Det er derfor mogeleg å spekulere i om det er eit nytt vendepunkt på veg ein eller annan stad etter boka har slutta, mogeleg vis noko som involverer jenta som står i baren på utestaden der Ragnar skal halde diktopplesing av Olav Stedje-antologien sin.
Vi synest denne boka var særs god, spesielt bruken av humor og tragedie. Det at humøret i boka skiftar frå Feelgood-komedie til Gresk Tragedie på under ei halv side sørgjer for at du er obs gjennom heile boka. Du får deg ikkje heilt til å bli lei, sidan det er eit trist eller morosamt augneblikk i emning nesten til ei kvar tid. Når hovudpersonen er i godt humør, merkar ein at ein blir litt småfornøgd sjølv, og når ting går på dunken, søkk humøret litt hos lesaren. Dette kan vel å merke variere litt frå person til person. Boka er ikkje vidare tunglest, språket er direkte og ikkje så veldig komplisert.
Boka kan alt i alt anbefalast for folk frå 15 år og oppover, og ein treng nødvendig vis ikkje å komme frå bygda for å lese denne boka, men om du gjer det, blir det i tillegg noko gjenkjenningshumor.
V
Bilete frå Torsdagen i veke ein

Bilete frå Otternes bygdetun der me fekk ei lita omvisning på det fantastiske bygdetunet. So vart det duka for foredrag med forfattar Gry Mørk som arbeidar med bok om Nærøyfjorden:










Intenst arbeid på Kunnskapstunet tidlegare på dagen

