27 juni 2006

Lever ennå

Dag to

Å stå opp klokka fem var ikkje så vanskeleg som frykta, men det skal seiast at det ikkje var så lett som eg håpa heller. Kom, som planlagt en time før all andre, og oppdaga at det er ganske kaldt om morgonen, også når det er sommar. Slapp ikkje heilt taket heller, den kulda, ut over dagen gikk eg rundt og småhutra. Nå skal det nå seiast at jeg har mange frostbogar i familien, det forklarer kanskje litt, men det VAR kaldt.

Men nok om det, over til bøkene. I dag kom eg ganske langt i Sveve over vatna. Det må vere lov å seie at starten på den boka er foruroligande lik situasjonen i Tyl, men det tar seg litt opp etter kvart. Forteljarstilen i Sveve over vatna er litt merkeleg, men ikkje verre enn at det blir ein både leveleg og etter kvart interesangt å lese. Tror jeg blir ferdig med boka i dag om jeg får ånden over meg, men innan lunsj i morra er den nok ganske garantert utlest. Lurer vel å merke på korleis Hovland kan holde på spenninga, eller interessa, dei knappe 100 sidene som er igjen. Eg mistenkjer vel å merke at det kommer en liten joker, eit vendepunkt eller noko slikt når som helst nå.


V

God stadfesting


Eg (prosjektleiar Petter) vil ikkje seie at eg er ein kløppar i nynorsk, men det er ein ting eg stadig ynskjer å skriva. 'VORE!' Eg veit at ein kan ha vore, men eg har trudd at det går an å nytta det på ein annan måte. Men når eg har spurt folk som har nynorsk som hovudmål har dei sagt at eg ikkje kan nytta det på den andre måten som eg trudde gjekk an. Men no las eg nettopp ein setning i 'Få meg på, for faen' av Olaug Nilssen som stadfester at eg hadde rett! Slik er setninga: "Håret flagrar bak meg som vore eg ein modell" Skjønar? No ser eg klart og tydeleg at eg må ta eit oppgjer med dei 'nynorsk-folka' som sa at eg ikkje kunne skriva slik. Men mykje vil ha meir! Eg skulle ynskje eg kunne skriva (eks. )- "Det vore kjekt med ein pestopølse i chicagobrød", men det kan eg jo ikkje. Ikkje fordi ei slik vidunderpølse i brød ikkje er mat for Mons, men fordi "Det vore..." er ein svensk måte å skriva ting på. Det kom eg på da eg bladde om i boka til Olaug Nilssen, for der sto det eit sitat som ho hadde omsett fritt etter "En kungens mann" sunge av Ebba Grön, og dei er jo svenske, ikkje sant!

blog

i dag fikk eg lest mer enn det eg fikk gjort i går.

Bilete frå fyrste dag

Me starta og avslutta dagen på Infohagen som er ein del av Kunnskapstunet i Aurland.


'Appelsinleiken' og den obligatoriske 'ringpraten' gjorde oss betre kjend.



Ein litteraturkritikar tilpassar seg eit kvart miljø.




26 juni 2006

Vel Littkrit er på bane

Vel Littkrit er eit nytt konsept og inneheld Nynorsk litteratur 8)

Første dag til ende

Etter å ha testa ut ’appelsinleiken’ – en leik eg lærte frå ein elev på KAOSPILOT-skulen i Danmark blei LITTKRIT’arane satt på si første felles oppgåve. Korleis få ei appelsin til å vera innom alle sine hender på kortast mogleg tid? Det byrja med lusne 8 sekunder – ei tid som blei dividert med 10 etter at LK’ane byrja å samarbeide. Åtte tidelar på å sende ein appelsin mellom 24 hender! Men det er jo ikkje appelsinar me skal arbeide mest med denne veka, så etter ei tradisjonell bli-kjend runde er me no i gong me å lesa. Me har byrja på boka ’Tyl’ av Finn Tokvam.
Etter ein del lesing, besøk av Sogn avis, og ein fin debatt om fred i verden og slikt i lunsjen gjekk me ned til ein plenums-dialog om 'kva skal me gjera LITTKRIT til' . Etter dette fekk me ordna alle inn på denna bloggen slik at alle kan publisera det dei måtte ynskje. Eg trøbla i kjent stil med litt av det tekniske, men me kom i mål! No gler eg meg masse til dagane vidare med LITTKRIT-gjengen!

på jobb

hei byrja på jobb klokka 9.00 om morgonen. skulle bli kjent. fikk fem bøker og byrja på ein bok som heiter tyl. tyl er ein grei bok ikke så spendennde bok, men ho er grei å lese, litt tunge ord.

Me er i gang!

Hei. Fint å sjå at bloggen funkar!

Tyl

I den første dagen på den nye "jobben" som litteraturkritikar, har ikkje vore mykje til jobbing idag, mykje sosialt, innføring i arbeidsmetodar og kva me skal gjere seinare i veka. Me hadde bli kjent leik med ei appelsin! Før me gjekk ut og begynte å lesa pa ein av dei 2 bøkene me skal igjennom desse vekene. Tyl av Finn Tokvam er den første boka og me får kanskje eit besøk av Mr Tokvam seinare denna veka. Me fekk besøk av ein journalist og so klart ein eg kjenne, so på onsdag kjem eg i avisa. me har og fått innføring i blogging og som dikka ser gjekk da sånn passe. Her på denna bloggen kjem det kva me har gjort dessa dagane.

Første dag på jobb

Er fremdeles ikke vettaskremt, men jeg jobber med det.

Første arbeidsoppgava i dag var vel det en kan kalle en tøff start. For meg stod det som vanskeleg å skrive mykje om nynorsken, sidan eg har eit ganske distansert forhold til nynorsk, engelsk blir på ein måte litt meir behageleg, og jeg snakker jo bokmål, mer eller mindre. Men men, en må jo gjøre som best en kan og ljuge på resten, eller rett og slett hoppe over steg 2, om en er av den ærlige typen.

Appelsinøvinga er vel et kapittel som kan forbigås i stillhet. Nuvell, over til det faktisk interesange her, bøkene.

Bøkene vi har fått utdelt ser ut til å vere underholdene, på trass av at det er ein del unna dei sjangrane. Samtidsromaner, så vidt jeg kan se. Boka Tyl gjorde jeg kvikk prosess med, så nå kaster jeg meg over Sveve over vatna av Ragnar Hovland. Alt vitner om at dette blir en minneverdig sommerjobb.



Remember, Remember, the Fifth of November

mhm:)

dagen starta klokka ni med møte, før me gjekk opp for å bli betre kjend..
me fekk bøkene me skulle lese, og byrja med "Tyl".
me fekk lese ei lita stund før lunsj, også fekk me vite kven som hadde sponsa prosjektet.. det kom ein frå sogn avis for å prate om prosjektet, og no sit me her for å lære korleis me skal blogge..

Tut og køyr!

No er me i gong med Littkrit:)
Me har fått utdelt fem bøke, og starta med lesingen.
Opplegget virka greitt og moro og me har mykje å lese på:)

no er me i gang!!!

nå er endleg littkrit prosjektet 2006 i gang!!!

dagen byrja med att alle blei kjent med kvarandre.
så blei det utdeling av bøker. Me fekk 5 bøker!
Dei var: Finn Tokvam's Tyl, Ragnar Hovland - sveve over vatn, Olaug Nilssen - få meg på for faen, Atle Hansen - som ein engel, og endå ei Olaug Nilssen bok: Vi har så korte armer.
så blei det ei god lese økt på vel 1 time. Der oppgåva var å byrja å lese Finn Tokvam sin Tyl.
den hadde eg lest så det blei Atle Hansen sin Som ein engel på meg då.

Dagen idag!

Vi begynte dagen med appelsinlek, hadde så litt orientering og gikk over på å lese "Tyl" av Finn Tokvam, en av fem bøker vi fikk utdelt. Det er den boken vi skal jobbe mest med denne første uken. Etter flere runder med lesing og litt lunsj, fikk vi besøk av en journalist, og tiden etter det har blitt brukt til å lære oss å blogge! =)

Hai! No var eg óg klar, du! Første dag...

Ja, kva kan eg seie? Eg var utruleg nervøs tidlegare i dag for å komma på jobb, min første jobb.... Og dette er berre ein sommarjobb for å toppa det heile. Men med ein gong eg sette foten ned framfor døra til biblioteket i Aurland, følte eg ein slags etterlengta ro inni meg. Kanskje det var på grunn av dei levande skarpe fargane på søylene inne på biblioteket, eller kanskje fordi eg kom tjue minuttar for tidleg. Få folk var det iallfall i byrjinga, men så er me berre tolv i alt.

Under dei første timane var alle stille som mus, ein pinleg taushet for leiarane for LittKrit-prosjektet var det sikkert. Men etter kvart som me løyste opp vart det meir livlegt, spesielt medan eg skriver denne første bloggen min. Eg skal innrømma at eg framleis er litt usikker på kva som skal skje dei neste dagane, særleg anngåande skrivinga - men eg er heilt sikker på at alle som har med prosjektet å gjera føler det samme. Ingen har gjort noko slikt før, me er dei første. Det kriblar nesten inni meg berre tanken på det åleine.

Etter berre eit kvarter fann eg ut at eg måtte vera den eldste av søkjarane, og eg veit ikkje heilt kva eg skal seie til det. Eg føler nesten at det vert forventa litt ekstra frå meg kanskje, som ein av dei "erfarne?" Det kan eg berre fundera på, men innsats må me alle gje. Hittil i dag har me vorte meir kjende med kvarandre, først av alt samla me i ein ring for å senda ein appelsin rundt til den som skulle seie namnet sitt. Det vart litt interessant då leiaren Petter fann ut at me måtte senda appelsinen så fort som mogleg, det løyste litt på den tidlegare spenninga.

Etter omvisninga fekk me utdelt fem bøker kvar frå Samlaget, og den første dei fleste byrja på var "Tyl" skriven av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Eg har ikkje komen så langt enno, men eg likar boka veldig mykje allereie. Me har brukt mykje av tida vår på å lesa i dag, nokre vart intervjua av lokalavisa trur eg, og no driver me med den digitale delen av prosjektet. Eg byrjar å føle at dette kan gå greitt for dei involverte under dei neste to vekene.

Fyrstedagen

Det starta med at me vart kjent med kvarandre. Seinare fekk me utdelt bøker og byrja straks å lesa boka av Finn Tokvam, Tyl, som me skal jobbe med denne veka. Etter ei god økt med lesing og matpause, fekk me besøk av ein journalist frå Sogn Avis. Han intervjua litt medan me las vidare i boka. Siste delen av dagen har me brukt til å lære å bruke bloggen.

dag1

no er me i gang. den første boki vaor er TYL av Finn Tokvam. grei nok so langt. pressen var på besøk, og for hopentleg kjem me i avisao. dei spurde om kvifor me søkte og slikt. eg svarde pengane hadde skulda. (og ha noko meiningsfullt å gjera i fritiden) da er i grunn moro og vera med, lett tente peng! men konklusjonen min hitt til er at det er moro og innteressant. vell vell, dagen i dag har godt til å bli kjent, lesa i boka TYL, godt gjenom veke plan og lært og bruke Blogg. med andre ord kjmpe moro! fortsetelse følger i morgen.

jørgen er klar

jau! da kvikna vell til eter kort ska du sjao!

Me er i gong!

Nett no sit 12 vordande litteraturkritikarar att med meg og fyljer ut eit spørjeskjema:
'Kva betyr nynorsk for deg?'
Her verkar det som svara kjem til å variera mellom alt og ingenting! Desse skjemaene skal dei sjølvsagt få svara på ein gong til den siste LITTKRIT-dagen!

23 juni 2006

Kremen av kremforfattarar til Littkrit!

Me sit her lamme av forventning og glede, for veit de kven som kjem til oss dei to neste vekene!? Kvardagsdronninga sjølv, Olaug Nilssen! Vinjeprisvinnar Atle Hansen! Og sist men ikkje minst Ragnar Hovland! I tillegg skal me på Otternes bygdetun og møta Gry Mørk som skriv bok om Nærøyfjorden. Eg kjem tilbake med meir informasjon straks! Snart brakar det laus!!!!!